Torsdag opnar Fjord conditori & brasserie dørene for aller første gong. Då skal alt vere på plass lovar Raymond Nyheim Vik og Knut Arne Spjøtvold.
Det er tydelig at eit par svært lange arbeidsdagar ligg mellom vårt besøk tidleg i veka, og noko som minner om eit ope konditori. Men Raymond Nyheim Vik lovar å vere klar til lunsj fredag, med plass til seksti gjestar i dei nyoppussa lokala i Kjøpmannsgata. Arbeidet pågår dag og natt, og den store spenninga består i følgje han ikkje i om dei blir ferdige – for det blir dei så klart – men i korleis tilbodet blir mottatt. – Etter tilbakemeldingane å døme lovar det bra. Medan vi har halde på her har folk banka på og høyrt om det går an å reservere bord. Mange har ytra ønske om at dette er eit tilbod dei treng og ønskjer velkommen, seier Vik. Gründerane tar sikte på å vekse forsiktig, og har så langt tilsett tre personar på deltid for å betjene serveringsstaden og utsalet. Vik og Spjøtvold sjølve blir å finne på kjøkkenet, der dei produserer imponerande bakverk, lunsjrettar og á la carte. Etter måndagens formannskapsmøte kan dei og skilte med skjenkeløyve. – Det er fint at det er på plass, slik at vi og kan tilby øl og vin til maten, seier Vik.
Av: Helene Henriksen.
Les meir i papiravisa.
|