Nytt forsøk på sal av kommunehuset
 |
Det gamle kommunehuset i Tresfjord vert på ny lagt ut for sal. Inkludert i salet er leigeavtale for brannstasjonen i inntil fire år.
Det er om lag halvtanna år sidan kommunestyret vedtok at det gamle kommunehuset i Tresfjord skulle seljast. Det vart samstundes løyvd pengar til å flytte brannstasjonen som heldt til i kjellaren på kommunehuset. Men det synte seg at det var vanskelegare enn først tenkt å få til. Prosjektet stranda og brannstasjonen vart verande i kjellaren på kommunehuset. Det gjorde at kommunen trekte byggjet frå marknaden. No vert bygget lagt ut for sal att med leigeavtale på fire år for brannvesenet. – Nye lokale til brannvesenet vart for dyrt. Gjennom leigeavtalen med ein eventuell kjøpar har me sikra lokale i minst fire år framover, seier Øystein Hole i Vestnes kommune til Vestnesavisa. Fått spørsmål Vestnesavisa har fått spørsmål frå lesarar om me visste noko om kva som skjedde med bygget. – Det har stått tomt i halvtanna år. Samstundes er det manko på leilegheiter i Tresfjord og folk leitar etter ein plass å bu. No er det på tide at kommunen gjer alvor av salet og sluttar å skulde på brannstasjonen, seier ein irritert lesar. Hole innrømmer at dei har fått fleire telefonar frå folk i Tresfjord som har ønska fortgang i salet. – Det har vore nokre telefonar frå folk i Tresfjord. Meglar var har akkurat no og skal innover og sjå på bygget i dag, seier Hole.
Av: Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|