Med ny trakkemaskin på plass i garasjen er gleda stor på Tomrefjellet. Ei lita veke etter at maskinen kom til fjells, er tilbakemeldingane frå sjåførane gode, og maskina har blitt brukt kvar einaste dag sidan den kom. Onsdag førre veke var det offisiell avduking av reiskapen.
Nytrakka løyper og gode forhold møtte gjengen som samla seg på Tomrefjellet onsdag kveld for å få presentert den nye trakkemaskina som Tomrefjord Idrettslag har kjøpt. Det er ti år sidan den førre maskina vart kjøpt, og driftskostnadar og reperasjonsbehov har auka mykje dei siste åra. – Me hadde store utfordringar med drifta av den gamle maskina, seier Jon Hølmo til Vestnesavisa. Han var initiativtakar til at det skulle kjøpast inn ny maskin, og fortel om brei støtte i idrettslaget då forslaget vart lagt fram på årsmøtet. – Eg var spent på korleis dei andre greinene i idrettslaget ville stille seg til ei så stor investering. Men det var samrøystes medhald frå alle partar og me fekk løyve til å ta inntil ein halv million kroner i lån, og hovudlaget i Tomrefjord idrettslag stilte med 400 000 kroner til maskina, fortel Hølmo. Mykje sponsing Med inntil 900 000 kroner i startkapital og lån, starta arbeidet med å finansiere resten av maskina. Næringslivet stilte villig opp og gav så det monna. Det største bidraget kom frå Sparebankstiftinga SMN, som gav 350 000 kroner til prosjektet. I tillegg kom ein heil del andre sponsorinntekter. – Dei som har sponsa oss har kjøpt ein andel i maskina. Kvar andel kostar 1000 kroner, og både private og bedrifter er med på spleiselaget, seier Hølmo. Til saman har næringslivet og private sponsa med 1,16 millionar kroner. Maskina kosta totalt om lag 2,4 millionar. Også Vestnes kommune har vore involvert og stiller med lånegaranti for den delen som måtte dekkjast med lån. – Me har om lag 300 000 kroner i lån på maskina. Resten er sponsormidlar og driftsmidlar frå idrettslaget, samt andre tilskott, seier Hølmo.
Av: Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|