Dersom alt går etter planen skal Europris opne butikk i sentrum i løpet av hausten neste år. Målet er å vere på plass med opne dører innan utgangen av oktober 2018.
Det er ambisiøse planar, men utbyggar, Bjørn Vegard Løvik, meiner det er mogleg. – Det er ein stram tidsplan, men me meiner det er mogleg å gjennomføre. Men det krev at alle krefter trekker i same retning, seier Løvik. Neste veke skal han orientere planutvalet om planane, og han håpar på rask politisk behandling av saker, samt rask saksbehandling frå kommuneadministrasjonen. – Arkitektane er i gang med siste finpussen på bygget no, seier han. To butikkar I tillegg til Europris skal også Bunnpris inn i det nye bygget som skal førast opp like ved Hammeraasparken. Bygget vil føre til at det som står att av bygningar der må rivast. – Me har allereie gjort avtalar og kjøpt husa som står der. No når me nærmar oss bygging vil rivingsprosessen snart ta til, seier Løvik. Butikklokala vert kvar på om lag 1200-1300 kvadratmeter, og det er planlagt 22 leilegheiter i to etasjar oppå butikklokala. I første omgang er det etter planen berre butikklokala som vert bygd, men dersom det vert selt leilegheiter også, vert dei også bygd fortløpande i følgje Løvik. Det er litt over tre år sidan Bjørn Vegard Løvik presenterte planane sine for utbygginga av Hammeraasparken. Sidan den gong har mykje endra seg. – Det er ein del rundt prosjektet som har endra seg. Me er i mål med å fylle butikklokala, men me har ikkje kome så langt med sal av leilegheiter enno, men interessa er aukande. Me veit det er ein del interesse, men me må ta bakkeplanet først, seier Løvik. Bunnpris skal ha lokale lengst mot sør, medan Europris kjem i den delen av bygget som vil strekkje seg opp mot der Hammeraas-huset i si tid stod.
Av: Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|