Snart klart for utbygging av Livneset
 |
Detaljreguleringa er godkjend, anbodskonkurransen er i gang, og det er snart klart for utbygginga av Livneset. Stein Bergheim i Vestnes Energi gler seg til å kome i gang, men syns det er litt vemodig også.
– Det som er unikt med dette bustadprosjektet her er at alle har sjøutsikt, seier Bergheim. Planen er 70 leilegheiter på mellom 60 og 120 kvadratmeter spreidd ut over Livneset i fleire bygg. Bergheim fortel om stor interesse for prosjektet, og ser ikkje vekk i frå at første byggetrinn kan ta til allereie til sommaren. På anbod I midten av oktober vart prosjektet lagt ut på anbod. Så langt har det kome tilbakemeldingar frå både lokale og nasjonale entreprenørar som er interessert i prosjektet. –Me er svært nøgd med interessa frå entreprenørane. Når anbodsfristen går ut vil me invitere dei entreprenørane me meiner er best eigna til jobben til ein forhandlingsperiode der me skal få på plass dei siste detaljane. Dette vil truleg ta eit par månadar, seier Bergheim. Salsstarten er sett til tidleg i mars, og om alt går etter planen håpar Bergheim det vil verte byggestart sein sommar eller tidleg haust neste år. – Det endelege målet er at byggetrinn ein skal vere ferdig innan jul 2019. To byggetrinn I første byggetrinn er det planlagt å bygge 24 leilegheiter ytst på Livneset. I tillegg skal alt av uteareal og fellesområde gjerast ferdig. Dette vert gjort for at ikkje dei første kjøparane skal måtte bu i eit anleggsområde på uviss tid. – Me bygg ytst først slik at dei første som flyttar inn slepp å ha anleggstrafikken forbi eigedomane sine når me startar med byggetrinn to. Det er også viktig for oss at utearealet vert ferdig i trinn ein, seier Bergheim. Det er Vestnes Energi som vil ta kostnaden med utearealet i starten, då dette skal finansierast gjennom sal av bustadane. – Me får ikkje att pengane for utearealet før siste leilegheit er selt. Så delar av byggetrinn ein må me finansiere sjølv utanom sal av bustadar, seier Bergheim. Han presiserer at eitt av punkta som gjer prosjektet på Livneset spesielt er at kvar leilegheit vert unik. – Det er ikkje to bygg som er heilt like, og alle leilegheitene vert unike. Det gjer prosjektet litt dyrare, men også svært mykje finare når det er ferdig, seier Bergheim.
Av: Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|