Pensjonistlaget på førstehjelpskurs
 |
Tomrefjord pensjonistlag har gått til innkjøp av ein hjartestartar som skal halde til på Idahall. I tillegg har dei lært seg førstehjelp.
Med hjartestartaren følgjer det nemlig kurs, og det var Hilde Brandshaug og Anne Louise Vestnes Indereide frå Røde kors som kursa dei ti deltakarane. Då vi var innom var dei ungdommelige pensjonistane opptatt med å kravle omkring på golvet å legge kvarandre i stabilt sideleie. – Vi har bestemt oss for å overrekke ein hjertestartar til Idahall. Ved hjartestans så tel minutta, og her er det ofte samla mange folk til ulike tilstelningar, både folk frå bygda her men og mange tilreisande, seier Elin Furland, leiar i Tomrefjord pensjonistlag. På kjøpet følgjer det eit kurs, både i korleis en brukar hjertestartarar, og anna nyttig førstehjelp. – Vi håpar inderlig at vi aldri for bruk for dette. Men det er likevel nyttig kunnskap. Vi er jo i ein «farlig» alder, seier leiaren av pensjonistlaget. – Hei, kan du høyre meg, seier instruktør Anne Louise Vestnes Indereide til Hilde Brandshaug. Det kan ho ikkje, og førstehjelparen sjekkar at den tilsynelatande livlause kollegaen pustar. Deretter blir ho lagt i stabilt sideleie, og får eit teppe over seg for å hindre varmetap, medan nokon «ringer» 113.
Av: Helene Henriksen
Les meir i papiravisa.
|