Gapahuk for alle på Fiksdalsetra
 |
Langt inni skogen, heilt for seg sjølv attmed ein veg står ein nybygd gapahuk. Utføre står bålpanna og ventar på at nokon skal tenne opp bål. Den nye gapahuken til Fiksdal Idrettslag er nesten ferdig, og folk kan allereie no ta den i bruk.
– Det er ikkje så mykje som står att. Men området den står på skal gjerast inn for å beskytte den mot husdyra som beitar her om sommaren, seier Petra Nakken til Vestnesavisa. Ho har møtt oss nokre kilometer innover Setervegen for å syne fram det nye byggverket. Litt hjelp Sjølve ideen til gapahuken kom til livs for nokre år sidan. Deretter var det ei lang tid med planlegging før bygginga kom i gang hausten 2017. Men den er ikkje bygd berre på dugnad. Vestnes Bygg har vore med og hjelpt Fiksdal Idrettslag med det mest kritiske i konstruksjonen. – Me fekk god hjelp av Vestnes Bygg til reisverket og ein del andre ting som me i idrettslaget ikkje hadde så god peiling på, seier Nakken. Sjølve teikningane stod Fritz Frostad bak, og finansiering kom i hamn gjennom sponsormidlar frå Sparebanken Møre. – Me er veldig takksame for all hjelpa me har fått både av næringslivet og av private som har vore med på dugnadar, seier Nakken til Vestnesavisa.
Av: Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|