Omfattande skadar på Tomrefjord skule
 |
Tomrefjord skule har fått omfattande skadar etter ein vasslekkasje i påsken. Lekkasjen vart oppdaga laurdag ettermiddag, men ingen veit kor lenge vatnet har strøymd ut i bygget. Lekkasjen førte til at mellom- og ungdomstrinnet ikkje kunne starte på skulen etter ferien som planlagt, men fekk ein ekstra feriedag.
Lekkasjen på Tomrefjord skule oppstod etter at ei kopling på ein vask på ein eller anna måte vart øydelagt eller hoppa av. Dette har skjedd ein eller anna gang mellom onsdag ettermiddag og laurdag ettermiddag. Det var ein tilsett ved Tomrefjord skule som var innom laurdag ettermiddag som oppdaga kva som hadde skjedd. Store mengder Det var store mengder vatn som flaut rundt i skulebygget. Lekkasjen oppstod i ein garderobe like ved inngangsdøra, men vatnet fann raskt vegen nedover i etasjane. Spesielt to rom i kjellaretasjen fekk store skadar der vatnet fossa ned frå taket og langs vindaugo. – Me veit ikkje kor alvorlege skadane er, men det er omfattande og truleg store skadar, seier rektor Tone Syltebø til Vestnesavisa. Det var ei stund uklart om skulen kunne opne etter ferien, men etter ein iherdig innsats i helga vart det klart at barnesteget kunne starte som planlagt. – Det var ikkje så omfattande skadar etter lekkasjen i klasseromma til barnesteget, så me greidde å ordne det slik at desse klassetrinna kunne starte på tysdag som normalt, seier Syltebø. Mellom- og ungdomstrinnet derimot måtte vente ein ekstra dag heime før dei kunne kome på skulen att onsdag. Rydda opp Etter at Syltebø vart varsla om lekkasjen laurdag vart det mobilisert for å rydde opp. Jan Inge Sterten stilte med eit par tilsette og utstyr for å suge opp vatnet og få det ut. Også tilsette ved skulen og vaktmeistrane i kommunen var med på oppryddinga. Men for at jobben skulle gå raskt nok vart også brannvesenet i Tomrefjord kalla ut for å bistå. – Me var med og lensa vatn og berge verdiar på skulen. Det var sjåførvakta på tankbilen, befalsvakta og mannskap frå Tomrefjord brannstasjon som var i sving, seier vakthavande befal i Vestnes Brannvesen, Frank Skorgenes til Vestnesavisa.
Av: Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|