Gamlebrua blir reparert for to millionar kroner
 |
Gamlebrua over Vestnesstraumen er i dårleg stand, og kommunen har løyvd to millionar kroner til reperasjon av den tilårskomne brua. Arbeidet er nyleg kome i gang, men kva tid det vert ferdigstilt er ikkje klarlagt.
Det er dei to korte brukara i kvar ende av brua som skal reparerast i denne omgang. Hovudspennet vart reparert for ein del år tilbake, og er i god stand. Nyleg var det murearbeid på gang for at ikkje meir av landkara skulle rase ut. – Det var begynt å rase ut stein frå landkara, så dei måtte reparerast. Vidar Samset frå Måndalen var i sving med gravemaskin og naturstein for å gjere den jobben. Me har god erfaring med dette firmaet frå tidlegare jobbar, seier Emil Balstad i Vestnes kommune til Vestnesavisa. Omfattande Reperasjonen som skal gjerast er omfattande, og brua vil i periodar verte stengt når arbeidet føregår. Det skal skiftast ut ein del berande konstruksjon av treverk i dei to korte brukara på kvar side. Før arbeidet kunne ta til måtte det godkjennast av Riksantikvaren på grunn av alderen på brua. – Det er viktig at dette arbeidet vert gjort rett. Brua skal fungere slik den er tenkt også i framtida, og då må me få den i skikkeleg stand, seier Balstad. Det skal brukast mellom anna limtredragarar for å skape den naudsynte bereevna i konstruksjonen og dimensjonane skal etter sigande vere ganske så store. – I dag står det nokre tresøyler frå brua og ned i botnen på straumen. Desse vart sett opp for ei tid tilbake for at ikkje brua skulle sige saman. Desse søylene vil no verte fjerna og brua skal framstå slik den vart bygd i si tid, seier Balstad.
Av: Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|