Mektig musikk frå songlaget
 |
Tomrefjord songlag lovde «Vårens vakraste eventyr» då dei inviterte til klassisk konsert med orkester og kjende solistar.
Om sjølve våren i år let vente på seg, var det i alle fall ikkje noko å seie på musikken. Randi Bergundhaugen var konferansier under konserten, og garanterte at publikum i den fullstappa kyrkja kom til å bli bevega i løpet av konserten. – Tomrefjord songlag bidrar stort til å gje innbyggjarane i Vestnes gode musikkopplevingar. Difor har dei også fått kommunen sin kulturpris, fortalte ho. Songlaget og dirigent Jostein Maude hadde fått med seg 20 musikarar under leiing av Ai-Ling Chiu. For å delta kom dei tilreisande frå Tromsø i nord til Oslo i sør, dog dei fleste frå vårt eige fylke. Det mest eksotiske instrumentet var nok ein cembalo, som Martin Bredin trakterte, og som var med på å gi det heile den utprega 1700-talsklangen. Også Tomrefjord songlag hadde fått nokre forsterkingar. Og ikkje minst hadde dei rekruttert solistar frå øvste hylle. Jeanette E. Goldstein, Jørgen Backer og dei meir lokalt forankra Stephanie Lippert og Hallvar Djupvik. Konserten bestod av tre klassiske verk. Først ut var Gloria av Vivaldi, eit verk i tolv satsar, mange av dei godt kjende. Dei to sopranane bidrog etter tur, både saman og kvar for seg.
Av: Helene Henriksen
Les meir i papiravisa.
|