Førre veke var Bokbåten Epos innom Vestnes. Med landligge i Tomrefjord og i Fiksdal fekk barnehagebarn og skuleelevar moglegheit til å kome om bord. Der vart det laga til show, og barna kunne låne bøker. Men var dette siste gang bokbåten vitja Vestnes? Kontrakten mellom Møre og Romsdal Fylkeskommune og Bokbåten Epos er ikkje forlenga og går ut i august.
Grunnen til at kontrakten med bokbåten ikkje er forlenga er at Kultur- og folkehelseutvalet har bestilt ei politisk sak om bok- og litteraturformidling i Møre og Romsdal, og om kva som er fylkeskommunen si rolle i denne samanhengen. Sidan utfallet av denne utgreiinga ikkje er klar, ønskjer ikkje Møre og Romsdal fylkeskommune å utvide samarbeidet med Bokbåten Epos frå hausten av. Kontrakten gjekk opphavleg ut 31. august i fjor, men vart forlenga med eitt år. – Saka skal seie noko om korleis bok- og litteraturformidlinga kan vidareutviklast og styrkast innafor dagens økonomiske ramme, med og utan ei bokbåtteneste, seier fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen til Vestnesavisa. Populær Bokbåten Epos har vore populær i Vestnes, og både skular og barnehagar har nyta tilbodet. Ved enkelte høve har båten kome på ettermiddag og kveld, og då har besøket vore noko dårlegare. – Me ser at kveldsstopp i Vestnes ikkje skapar så mykje besøk. Så det er noko me har prøvd å justere, seier kaptein på Bokbåten Epos, Svein Ivar Vinnes. Han synest det er trasig at dei ikkje veit noko om framtida for Bokbåten Epos i Møre og Romsdal, men han håpar at dei får halde fram med å sigle i våre farvatn i framtida også. – Eg meiner at bokbåten er eit unikt tilbod som bør vidareførast. Me fraktar kultur til plassar der det ikkje er bibliotektilbod på same måte som i meir sentrale strøk. Det er galskap å legge ned tilbodet, seier han.
Av Torstein Sønstabø
Les meir i papiravisa.
|