Mange er uroa over forsøpling, forureining og anna øydelegging av naturen, og sist fredag demonstrerte 4 ungdommar i Vestnes sentrum.
– Mindre plastikk, meir natur, mindre olje, mindre kull, ungdommen må bli høyrt, lydde ropet frå dei fire demonstrantane som stod utanfor Rådhuset i snøvêret. I tillegg til plakatar hadde dei skrive ein appell. – Sidan vi skal ta over framtida, så må vi bry oss, seier Emmi Louise Bøen engasjert. Dei snakkar, men handlar altfor lite. Så derfor er eg her, for mi framtid, for vår framtid. La oss skape eit berekraftig samfunn saman, fortset ho. Dei vil at alle bidreg med resirkulering og tar med søpla heim i staden for å kaste den i naturen. – Uansett kor eg går, ser eg søppel, seier Aldine Jakobsen Sylte. Dei fortel at berre på den korte turen frå skulen til Rådhuset fann dei mykje søppel som dei plukka opp. Gruppa er spesielt oppteken av problema med plast i naturen, og akkurat denne dagen har dei nettopp hatt ei prøve på skulen om forureining.
Av Asle Klock
Les meir i papiravisa.
|