Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Aas Mekaniske stengt på grunn av coronasmitte

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Aas Mekaniske Verksted er stengt etter at ein utanlandsk arbeidar har fått påvist covid19-smitte.

Arbeidaren vart først testa på fredag. Ettersom prøven var negativ har han vore i arbeid til han no testa positivt på test nummer to.

Saka held fram etter annonsen

Vedkommande er i isolasjon og i følgje Vestnes kommune har vedkommande ikkje vore i butikkar. Alle arbeidarane ved Aas Mekaniske er no sett i karantene til smittesporing er over og dei får anna beskjed.

Det er om lag 30 gjestearbeidarar ved Aas Mekaniske verksted som er i karantene.

Stenginga av verftet er i samråd med kommuneoverlege og leiinga ved Aas Mekaniske. Verftet vert stengt fram til smittesporinga er ferdig.