Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Enno eitt smittetilfelle på Trohaugen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes kommune melder i kveld at det er påvist nok eit smittetilfelle hos ein leigearbeider som bur på Trohaugen. Denne gang er det ein leigearbeider hos Vik Elektro som har testa positivt for corona.

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i Vik Elektro som nyleg har ankomme bedrifta sin brakkerigg på Trohaugen.

Saka held fram etter annonsen

I samsvar med Vik Elektro sine posedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa for covid-19 ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og tre nærkontaktar er sett i karantene. Alle blir retesta 8. oktober.

Vik Elektro og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.

LES OGSÅ: Nytt smittetilfelle ved Trohaugen