Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Enno fleire smitta på Trohaugen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

To personar til har fått påvist covid19-smitte på VARD sin brakkerigg på Trohaugen. Det er to tilreisande gjestearbeidarar frå ein underleverandør til VARD som er smitta. Dei to skal ha kome til Trohaugen nyleg.

Saka held fram etter annonsen

Dei smitta er i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene. VARD og kommuneoverlegen jobbar med smittesporing.