Vestnesavisa
4 minutter lesetid

Magne gir seg etter 29 år i Vestnes kommune

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Etter 29 år i Vestnes kommune som økonomisjef, takkar Magne Værholm for laget og går over i pensjonistrekkene. No ventar grønsaksdyrking, snekring og jakt.

I januar 1992 starta Magne Værholm som økonomisjef i Vestnes kommune. Før det var han økonomisjef på Hellandheimen i sju år. Etter 29 år i Vestnes kommune er det på tide å gi seg.

Saka held fram etter annonsen

– Det har vore ein veldig bra arbeidsplass. Eg har gleda meg til å gå på jobb nesten kvar dag, seier Magne Værholm til Vestnesavisa.

Ordførar Geir Inge Lien gav han gode skussmål på kommunestyremøtet onsdag.

– Du har overlevd tre rådmenn og fem ordførarar. Du har alltid godt humør og du er flink med folk. Når du har lagt fram informasjon for politikarane eller i møte med andre aktørar har du alltid vore ærleg. Kanskje litt for ærleg til tider, seier Lien.

Spanande jobb

Magne Værholm seier det har vore 29 fine år i kommunalsjefstolen. Sjølv om det har vore hektisk på hausten med førebuing av budsjett.

– Det var lettare å lage budsjett for 25 år sidan enn i dag, seier Værholm med eit smil.

Han nemner større kommunale prosjekt han har vore involvert i og som gjer han stolt; ny brannstasjon på Helland, Helland barnehage, ansvarsreforma og Stella Maris.

– Det har skjedd mykje spanande i Vestnes dei siste 30 åra, og eg er stolt over å ha vore ein del av dette. No har eg greidd å slite ut fem ordførarar. Men Geir Inge vart for seig for meg, seier han og hausta god latter frå kommunestyret.

Saka held fram etter annonsen

Gler seg til hytteliv

Når kalenderen går frå å vise 2020 til å vise 2021 vert Værholm pensjonist. Sjølv om han ikkje gir seg heilt med ein gang.

– Eg har lova å vere med på å ferdigstille rekneskapen for 2020. Og så har eg stilt meg disponibel ved behov for å hjelpe ny økonmisjef i gang i jobben, seier pengeveteranen.

Pensjonisttilveret vil Værholm bruke på hus, hytte og gardsdrift. Han har ei hytte på Kjersemfjellet som han no vil få meir tid til å bruke, og så har han eit småbruk i Lavik i Sogn. Praktisk arbeid vil stå høgt på lista over ting han vil bruke tid på framover.

– Eg har mange prosjekt eg ønskjer å bruke tid på framover. Eg vil bruke nevane og grave i jorda. Det vert nok både snekring og grønsaksdyrking, seier han.

Han er også ein ivrig hjortejeger og gler seg allereie til ein haust utan budsjettarbeid.

– Det vert nok meir jakt til hausten enn det har vore dei siste åra, seier han.