Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Ny gjestearbeider med coronasmitte på Trohaugen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes kommune melder at det i dag vart påvist coronasmitte hos ein gjestearbeider i VARD som nyleg har nkomme brakkeriggen på Trohaugen.

Saka held fram etter annonsen

I samsvar med rutinane har den tilreisande vore testa av VARD sitt helseteam ved ankomst. Personen skal vere symptomfri og har vore i karantene sidan ankomst.

– Prøva er usikker, men vert handsama som positiv til det motsette er bevist. Personen skal retestast i morgon (fredag), skriv Vestnes kommune i ei pressemelding.

Personen skal ikkje ha hatt kontakt med lokalbefolkinga eller ha vore i butikkar.