Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Nytt smittetilfelle med corona i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes kommune melder i kveld at det er påvist coronasmitte hos ein person i Vestnes.

Personen som er smitta er ein tilreisande arbeider i VARD som nyleg har kome til brakkeriggen på Trohaugen.

Saka held fram etter annonsen

– Aktiviteten ved VARD sine verft er i ferd med å ta seg opp igjen etter ferien, og alle tilreisande arbeidarar frå utlandet vert no testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst, skriv Vestnes kommune.

Vedkommande skal vere symptomfri og har vore i karantene sidan ankomst. Han er no i isolasjon. Det same er personar han har vore i nær kontakt med.

I samarbeid med kommuneoverlege Sabine Relling Brede har VARD gjennomført smittesporing.

– Personen har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkinga eller vore i butikkar, skriv Vestnes kommune.