Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Nytt smittetilfelle ved Trohaugen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det er i dag påvist koronasmitte hos ein person i Vestnes kommune. Det er ein tilreisande gjestearbeidar i VARD som nyleg har ankomme brakkeriggen på Trohaugen.

Vestnes kommune melder at i samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personen har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Vedkommande er sett i isolasjon og 23 nærkontaktar er sett i karantene. Alle blir retesta 12. oktober.

Saka held fram etter annonsen

VARD og kommuneoverlegen har gjennomført smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.