Vestnesavisa
1 minutt lesetid

To nye smittetilfelle blant gjestearbeidarar i Vestnes.

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det er i kveld påvist koronasmitte hos to personat til i Vestnes kommune. Det er tilreisande gjestearbeidarar frå ein underleverandør i VARD som nyleg har ankome brakkeriggen på Trohaugen. 

I samsvar med VARD sine interne prosedyrer blir alle tilreisande arbeidarar frå utlandet testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst. Personane har ikkje symptom, og har vore i karantene sidan ankomst. Dei smitta er sett i isolasjon og nærkontaktar er sett i karantene. Ein ventar på prøveresultat på ein del av reisefølge. 

Saka held fram etter annonsen

VARD og kommuneoverlegen held på med smittesporing.

Personane har ikkje hatt kontakt med lokalbefolkninga eller vore i butikkar.