Enno to gjestearbeidarar har testa positivt for corona ved VARD sin brakkerigg på Trohaugen. Fem personar har no testa positivt i Vestnes denne veka.
Den eine som no har fått påvist smitte kom i same reisefølgje som dei to som testa positivt i går kveld.
Saken fortset etter annonsa
Vestnes kommune melder at situasjonen vert handtert etter VARD sine prosedyrar. Alle tilreisande gjestearbeidarar frå utlandet vert testa av verksemda sitt helseteam ved ankomst.
Personen skal vere symptomfri og har vore i karantene sidan ankomst. Dei smitta er i isolasjon og nærkontaktar vert sett i karantene. VARD og kommuneoverlegen jobbar med smittesporing.