Flytta til Spania for sonen si helse

Etter fleire år inn og ut av sjukehus, stort fråvêr frå barnehage og store bekymringar for foreldre, fann Siw-Iren Solberg Tomren (42) og familien løysinga i Spania. Astmasjukdomen til yngstemann vart lettare på grunn av det varme stabile klimaet.
Familien Solberg Tomren bur i Alfaz del Pi, ein liten times køyring nord for Alicante på sørkysten av Spania. Dit flytta dei i august 2016. Før det budde dei i Ålesund. Siw-Iren er opphavleg frå Tomrefjord. Det var helsa til yngstemann i barneflokken som vart avgjerande.
Alvorleg astma
– Då Viljar (9) var seks månadar gamal vart han sjuk. Han fekk alvorleg ukontrollert astma. Ved eit tilfelle fekk han ein virusinfeksjon som førte til at me hadde open retur til sjukehus i fire månadar. Han hadde over 70 prsoent fråvÊr i barnehagen og var svært ofte på sjukehuset. Når astmaanfalla kom var det akutt og det enda ofte i ambulanse til sjukehus, fortel mamma Siw-Iren.
Etter fleire år med undersøkingar og behandling som ikkje gav gode resultat vart foreldra etter kvart desperate.
– Eg spurte overlegen på lungeavdelinga på sjukehuset kva me skulle gjere. Han drog frå gardinene og peika ut. «Der har du problemet» sa han, seier Siw-Iren.
Det norske klimaet var ikkje godt for lungene til Viljar. Legen anbefalte dei å prøve eit år i Spania. Alle andre alternativ var undersøkt og prøvd ut. Huset var endevendt i jakta på ein potensiell årsak i heimen.
– Me tok med oss barna og katten og flytta til Spania. Nærare bestemt Alfaz del Pi. Stefan (mannen hennar, red. anm) jobbar offshore, og eg har arbeidd innan turistnæringa her, seier Siw Iren.
Etter at familien flytta til «syden» vart helsa til Viljar betre, og han kunne slutte på mange av medisinane. Han har framleis utfordringar med astmaen, men i mykje mindre grad enn heime i Norge.

– Så snart me reiser heim til Norge på ferie vert han dårleg. Det tar ikkje lange tida før han byrjar å slite med astmaanfall igjen heime, seier Siw-Iren.
Måtte velje
«Klimaflyktning» er gjerne eit ord ein brukar for å skildre personar som flyttar til sol og varme. I Solberg Tomren sitt tilfelle kan ein kanskje seie at ein er «klima- og helseflyktning». Sjølv om det er langt heim, og at det har vore, spesielt det siste året, utfordrande å bu så langt frå resten av familien, er det ikkje noko tema å flytte heim til Norge att med det første.
– Me bur her for at han skal få eit fullverdig liv. Her er norsk skule, og me bur i den norske «ghettoen» her. Så me får møte mange landsmenn i det daglege. Men det er klart me saknar Norge, seier Siw-Iren.
Men ikkje alle fann seg til rette i Spania. Eldstesonen, Heine Leander Molnes valgte å bli igjen i Norge etter ein ferietur for nokre år sidan. Han bur hos far sin i Hjelvika i dag.
– Han likte ikkje spania og fann seg ikkje heilt til rette. Så han bur heime hos far sin i Hjelvika og går på Gjermundnes VGS i dag. Det er tungt å bu så langt unna han, og det er snart eitt år sidan eg har sett han no. Heldigvis har me moglegheit til videosamtalar. Men saknet er stort. Eg måtte velje mellom helsa til yngstemann eller saknet til eldstemann. Det var eit tøft val, seier Siw-Iren.
Coronautfordringar
Spania har hatt store utfordringar med coronapandemien. Mykje meir enn her heime i Norge. Innbyggarane har kjent pandemien meir på kroppen enn me har her i gamlelandet. Portforbod, strenge reglar, restriksjoanr og ekstreme tiltak har vore kvardagen i over eitt år no. For Siw-iren som arbeidde i turistnæringa har det også merkast på lommeboka.
– Det er lite fast jobb å finne her no. Så det går mykje i småjobbar. Eg arbeidde i turistnæringa med utleigebustadar, henta folk på flyplassen og liknande. I starten av tida vår her tok eg på meg vasking av leilegheiter, tilsyn og det eg kom over av småjobbar, seier ho.
Men den siste tida har dei levd på Stefan si inntekt frå offshore-arbeidet.
– Det er lite jobb å finne no. Og spanjonalen som slit no om dagen treng jobbane. Difor har eg valgt å ikkje ta jobbar den siste tida. Spania har ikkje eit velferdsystem slik me har i Norge, seier Siw-Iren.
I fjor sommar då var ho heime i Vestnes hadde ho sommarjobb på Möst.
– Ein følte seg nesten som ein skuleungdom igjen som hadde sommarjobb, seier ho med eit flir.
Men å kome seg heim til Norge i fjor var ikkje det enklaste familien har gjort. Det gjekk ikkje fly. Togreise såg dei på som for risikofullt. Valet fall på bil. Det enda med ein 53 timars biltur frå Alfaz del Pi til Bygdasetra.
– Då me kom til varmestova var det stopp. Der møtte me snøen. Så dei siste to kilometrane måtte me gå, seier Siw-Iren.
Og då karanteneperioden var over og dei endeleg kunne besøke folk, så var dei innesnødd på hytta.
– Er det rart me flytta til Spania, seier Siw-Iren spøkefullt.

Årsaken til at dei reiste heim var pandemiutbrotet. Det var strenge reglar for kven som fekk vere med inn på sjukehuset dersom barn vart lagt inn. Frykta for at nokon av ungane skulle bli så sjuke at dei hamna på sjukehus gjorde at dei sette kursen heimover.
– Me fekk vite at til og med barn som vart innlagt på sjukehus måtte vere der utan foreldre. Barna vart mottatt i døra, slusa gjennom dørene og inne på sjukehuset. Foreldre fekk ikkje tilgang. Dermed kunne me risikere at eit eller fleire av barne våre vart liggande utan at me fekk vere der. For alt me visste kunne det hende me aldri fekk sjå dei att. Då tørte me ikkje vente lenger og sette kursen heimover.
Heim i år og
– Ungane synest bilturen gjennom heile Europa var spanande. Men det var veldig langt. Me køyrde på skift og budde i bilen i over to døger. Me stoppa berre for å gå på toalettet og for å fylle diesel. Det var ein kjekk tur, men intenst og langt, seier ho.

No håpar ho at dei får moglegheit til å reise heim til Norge også i sommar. Men denne gongen vert det med fly og under mindre presserande omstende. Ikkje minst gler Siw-Iren seg til å møte eldstesonen igjen.
– Å vere borte frå ungane sine i nesten eitt år er tungt. Eg gler meg veldig til å sjå han att. Og så håpar eg at det vert råd å reise litt meir i tida som kjem slik at me kan møtast litt oftare, seier ho.
«Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.»