Vil bygge hus og flytte heim att – tar med seg ein svenske

Trine Mette Helset er ein av mange som har flytta ut frå Vestnes for å studere. No ønskjer ho å flytte heim att og bygge seg hus på Vestnes.
– Eg flytta ut då eg skulle studere. Først reiste eg til Volda, og seinare til Stavanger og Nederland, seier Trine Mette Helset på telefon.
Ho har vore, og er framleis, svært aktiv i karate. Så aktiv at det har blitt ein fulltidsjobb. Både som dommar nasjonalt og i Norgen, regiontrenerteamet og som lærar på Romsdal vidaregåande skule på toppidrett karate. Der instruerer ho i, nettopp, karate. Men utdanninga ho tok var som barnevernpedagog.
– Eg får brukt ein del av utdanninga mi i den daglege jobben som karatelærar. Men eg har ikkje arbeidd som barnevernpedagog på mange år, seier Helset.
Betyr mykje
– Karatemiljøet i Vestnes har vore viktig for meg i oppveksten. Difor synest eg det er svært kjekt å sjå at det har utvikla seg til eit så stort miljø som det er i dag, seier Helset.
For tida er ho busett nesten heime. Ho ser heim. Molde er buplassen, og turane over fjorden vert gjort rett som det er.
– Eg trivst svært godt i Vestnes, og draumen er å flytte heim att. Vestnes har så mange kvalitetar ein ikkje får i ein by. I Vestnes er nærleiken til fjell og fjord ein heilt anna enn i Molde, seier ho.
Det var jobbtilbod som gjorde at ho busette seg i Molde. Ferjeturen over fjorden to gongar dagleg freista ikkje. Då vart det til at ho stoppa i Molde.
Flyttinga til heimregionen skjedde etter at ho fekk barn. Ho har fleire kjente i Molde som også er frå Vestnes, som er eller har vore i same situasjon.
– Det virkar litt som om me kvinner har ein tendens til å flytte heimover når me stiftar familie. Eg veit ikkje heilt kvifor, men det kan sjå ut som om det vert viktig med nærleik til familien heime, seier Helset.

Lokkar svenske
Etter 14 år i Molde går Trine Mette med husbyggingsplanar. Med på lasset vil ho då ha forloveden sin, Henrik Thomsson frå Stockholm.
– Me har seriøse planar om å bygge i Vestnes. Me står på nippet til å flytte heim. Men det er samstundes litt skummelt, seier ho.
For tida pendlar ho ein del mellom Molde og Stockholm. Henrik bur nemleg i den svenske hovudstaden. Pendlinga har blitt litt meir komplisert no med corona, men det har ikkje vore tema å ikkje møtast.
– Det går overraskande bra. Ein må berre passe på og følgje alle reglar og råd frå myndigheitene. Har ein alt på stell, så er det ikkje noko problem, seier ho.
Århundrets idrettskvinne
Karate er ein raud tråd gjennom Trine Mette sitt så langt 45 år lange liv. I 2020 vart ho kåra til «Århundrets idrettskvinne frå Vestnes» for sitt engasjement i karatesporten.
– Det var ei stor ære å få den utmerkinga. Karate har forma meg og gjort meg til den eg er. Difor synest eg det er veldig kjekt å sjå korleis psorten har utvikla seg til å bli så opulær i Vestnes. Det er ikkje mange kommunar av Vestnes sin storleik som kan skilte med to store og aktive karateklubbar, seier Helset.
Sjølv om det har vore mykje negativt med corona og pandemi, meiner Helset at det også har kome noko godt ut av det. E-stevner og digitale møter har ført dei mindre klubbane tettare saman, og ikkje minst tettare på Norges kampsportforbund. Det styrkar distriktsnorge, meiner ho.
– Digitale møter og e-stevne har gjort at fleire distriktsklubbar har hatt moglegheit til å delta på stevne og møte. Det knyt miljøet sterkare saman, og det utan at klubbane har store reiseutgifter som eller hadde vore ei utfordring for dei. Eg håpar me kan halde fram med denne typen aktivitet også i framtida, seier Helset.
«Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.»