Gler seg til å vise fram nybygget

MCP Eiendom er straks ferdig med nybygget på Trohaugen. Det skal huse kontor for MCP og MCP Electro. Laurdag vert det open dag for å vise det fram til sambygdingar.
– Det er mange i bygda som ikkje kjenner så godt til MCP som konsern. Me ønskjer å nytte høvet til at bygda kan bli litt betre kjent med oss. Dette vil me gjere med ein open dag i det nye administrasjonsbygget vårt, seier Daniel Sundet til Vestnesavisa.
Måndag morgon var det ikkje alt som var ferdig. Men i løpet av veka er planen å kome i mål med alt restarbeid og rydde ut og vaske for å kunne ta i mot besøk.
– Me gler oss, seier John Arve Sundet.
Det er MCP Eiendom som eig bygget, men det er MCP Electro som kjem til å disponere det.
For framtida
Bygget er større enn det MCP har behov for i dag. Men med framtidig utviding i tankane valgte dei å bygge større enn det som var behovet.
– Me bygg for framtida. Me reknar med å måtte bruke heile bygget sjølv i løpet av nokre år, seier John Arve Sundet.
Dei to viser til at det for fire år sidan var behov for ein person på kontor på MCP Elektro. No er behovet større.
– Me må ha fleire på kontor no enn tidlegare. Det er på grunn av ein kombinasjon av meir arbeid, og krav til dokumentasjon, samt nye satsingsområde, seier Daniel Sundet.
MCP Electro har hatt tilhald på Trohaugen sidan januar 2020. Då overtok dei eit lagerbygg frå selskapet Veesave. 11. september same året sette dei spaden i jorda for nybygget.

Landsdekkande
MCP AS driv i hovudsak med stålarbeid og har om lag 260 tilsette over store delar av landet. Selskapet driv for det meste med arbeid innan verftsindustrien.
– Me har lokasjonar frå Fosen/Rissa i nord til Måløy i sør. Det er mest verft som er på kundelista vår, men me tar også arbeid for mindre aktørar, seier John Arve Sundet.
Administrasjonen held til i Vestnes, og vil ha tilhald i nybygget.
MCP Electro tel 30 tilsette og arbeider opp mot både maritim sektor, næringsliv og privatmarknaden.
MCP Eiendom eig i tillegg til dei to bygga på Trohaugen, tolv einebustadar rundt i landet. Desse vert brukt til å huse eigne arbeidarar og til utleige for næringsaktørar som treng husvere til arbeidarar.
Ope hus
Laurdag brakar det laus med ope hus på Trohaugen. Daniel og John Arve ønskjer å vise fram nybygget og fortelje folk litt om kva dei driv med.
– Det vert nok både kaffi og kaker. Og litt lett mat, seier Daniel Sundet.
John Arve seier seg godt nøgd med bygget og håpar det gjer at dei får ein enno betre arbeidsplass og at det blir ein god arena for vidare utvikling.
– Me meiner me har fått eit bra bygg som legg til rette for ein god arbeidsplass, seier han.
Nyleg har MCP også kjøpt Nordvest Sveis AS på Skåla. Det selskapet driv med stålkonstruksjonar for mellom anna ferjekaiar og gjer elles ein heil del arbeid for Statens Vegvesen og andre store entreprenørar. Selskapet har ifølgje John Arve Sundet alle sertifiseringar som krevst for å lage konstruksjonar med strenge krav.
– Me kjøpte det firmaet for å kunne utvikle oss innan andre segment i marknaden, som til dømes havbruksnæring, og havvind, seier John Arve Sundet.
Daniel skyt inn at selskapet ikkje skal konkurrere med eksisterande kundar, men vil prøve å finne ein eigen veg i den marknaden.
– Me skal ikkje starte noko skipsverft, kommenterer John Arve Sundet avslutningsvis.