Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Ber politikarane om å berge barnehagen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Olav Nyhagen som var ein av initiativtakarane for at Vågstranda vart ein del av Vestnes kommune, har fått med seg resten av styret i Vågstranda Vel til å forme eit brev som er sendt gruppeleiarane i kommunestyret. Målet er å be politikarane om å unngå å leggje ned Vågstranda barnehage.

– Det er trist at dette er naudsynt, men slik har det blitt, seier Nyhagen, som går gjennom brevet med Vestnesavisa.

Saka held fram etter annonsen

Brevet startar slik: Kjære gruppeleder. Det er stor frustrasjon blant folk på Vågstranda etter det ble kjent at kommunen foreslår å legge ned Vågstranda barnehage.

I brevet beskriv dei fjorårets feiring då Hjelvika og Vågstranda vart ein del av Vestnes, med fyrverkeri og jubelrop frå Tresfjordbrua.  No har det gått i underkant av eit år.

Leiar i Vågstranda Vel, Olav Nyhagen.

Dei nemner ordførar Geir Inge Lien og administrasjonssjef Kristian Skålhavn, som besøkte bygda i sommar med lovnader om at barnehagen skulle driftast vidare.

Vidare i brevet blir det påpeika at kommunen har fått 23 millionar kroner etter at Vågstranda vart ein del av Vestnes. Vidare får kommunen skatteinntekter, og ikkje minst auka midlar frå Havbruksfondet. Då meinar velforeininga at kommunen burde finne midlar til fortsett drift av barnehagen i bygda.

Saka held fram etter annonsen
Brevet frå Vågstranda Vel. (Klik på biletet for full storleik)

Styret i Vågstranda Vel som også nemner busetting og vidare utvikling av bygda som ein viktig faktor, avsluttar brevet med å minne politikarane om at det er val om knappe to år.

Saka vert teken opp i kommunestyremøte på torsdag.