– Dette verker som ondskap

Mihai Spoiala synast ikkje noko om dei nye nasjonale tiltaka som regjeringa kom med. Innehavaren av Pizza King meiner smitteverntiltaka er eit angrep på restaurantbransjen.
Vestnesavisa møter Spoiala inne på restauranten sin for ein prat om dei nye nasjonale smitteverntiltaka som regjeringa kom med. Han synast ikkje noko særleg om dei nye tiltaka.
Mihai meina dei same retningslinene har vore brukt før utan at dei var til hjelp. For han er det merkeleg at ein ikkje kan kjøpe seg ein øl på restaurant samstundes som det er mykje folk på både kjøpesenter og fotballtribunar.
– Kor er fornufta?, spør han.
Angrep mot restaurantbransjen
– Det er noko som ikkje heng på greip, enkelt og greitt, seier Mihai. Han meiner tiltaka er eit direkte angrep mot restaurantbransjen.
– Hadde det vore dumskap så kunne eg ha tilgitt det, men dette verker som ondskap, svarar han.
For Spoiala sin del er det som regjeringa prøver å drepe restaurantbransjen. – Dette er berre ondskapsfullt, legg han til. Han er ikkje redd for å seie meininga si, dette er noko som han står for.
Halve omsetninga er alkoholsal
Mihai driv Pizza King saman med kona si, Yulia Semina.
– Kva vil dei nye tiltaka bety for dokker?
– Vi kjem ikkje til å stenge, vi fortsetje som før. Men det betyr at vi som er her, meg og kona, vi kjem til å spørje NAV om økonomiske råd, seier han.
Alkoholsalet er halve omsetninga til Pizza King, då blir det vanskeleg å ta ut lønn når dei ikkje får selje alkohol. Mest sannsynleg må også ein eller to tilsette få mindre vakter.
I tida framover må restauranten overleve på ferdigmat for at dei skal ha ein arbeidsplass å gå til når pandemien er ferdig. Dei vil fortsetje med å køyre ut mat gratis.
Men Spoiala seier at dei kan ikkje med god samvittigheit be folk igjen kome for å støtte dei når dei veit at straumrekninga kjem til å ta knekken på mange.
– Me skal sjølvsagd ikkje gje oss, så lenge vi klarar det fysisk. Vi har tidlegare fått veldig stor støtte frå folk, fortel Mihai. Han er glad for all støtte han får.
Ei stor utfordring
Spoiala innrømmer at dette blir ei stor utfordring for restauranten som har seks tilsette. Han fortel at dei allereie har måtte avlyse ein stor konsert med storband. Det vil samstundes bli fleire avlysingar i jula.
Pizza King vil rett nok prøve å få til private arrangement med tjue stykk i restauranten. Det skal gå heilt bra, det er stor nok plass i lokala.
– Vi må prøve å gjere alt vi kan for å overleve, seier eigaren.
Håpe det stabilisera seg
Mihai fortel at det er enkelte som har gitt utrykk for at det er veldig dumt det som no skjer med restaurantbransjen.
Når det gjeld framtida til Pizza King så trur han den er vanskeleg å spå.
– Eg er veldig glad i Vestnes og folket som bur her. Det har vore eit par gangar at eg var klar for å gje opp. Men eg tenkje at med all støtta som vi har fått gjennom åra vi har vore her, så er det at vi står på vår måte å seie takk på, seier han med tårar i auga.
Spoiala legg til at Pizza King prøver å gi same gode service og behandling til kundane sine som før. Etter nyttår håpar han at ting stabilisera seg og at det blir som normalt igjen.
Han innrømmer at han må vere optimist. Hadde Spoiala ikkje vore optimist så hadde han berre gått sin veg.
– Vi skal stå på, lovar Mihai.
Nye tiltak
Regjeringa skriv på sin heimeside at dei har valt å innføre ein rekkje nasjonale smitteverntiltak for å få ned belastninga på helse- og omsorgstenestene, og forsinke og avgrense spredninga av omikron.
– Vi skulle inderleg gjerne vore ferdig med pandemien. No er situasjonen likevel så alvorleg at vi må sette inn nye tiltak for å bevare kontrollen. Derfor blir det ein annleis julehøgtid også i år. Faren for ein overbelasta helseteneste og spredninga av det meir smittsame omikron-viruset gjer det nødvendig med nye, strenge tiltak for å redusere sosial kontakt i samfunnet, seier statsminister Jonas Gahr Støre via regjeringa.no.