Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Difor meldte 1.500 seg inn Noregs Mållag

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

– Me fekk om lag 1.500 nye medlemer etter at FpU gjekk ut med slagordet «F*** nynorsk» i skulevalkampen, fortel fungerande leiar i Noregs Mållag, Synnøve Marie Sætre.

I romjula passerte Noregs Mållag 15.431 medlemer, og dermed har organisasjonen det høgste medlemstalet sidan 1985. Dette kjem fram i ei pressemelding frå organisasjonen.

Saka held fram etter annonsen

– At me har så god vekst, gjev oss ekstra giv i arbeidet for nynorsken. Det er viktig når me skal sikre nødvendige gjennomslag for nynorsken i opplæringslova det komande året. At me har så god vekst, gjev oss ekstra giv i arbeidet for nynorsken. Det er viktig når me skal sikre nødvendige gjennomslag for nynorsken i opplæringslova det komande året. Det er kjempestas at så mange vil vere med i Mållaget, jublar Synnøve Marie Sætre.

Dei siste åra har det vore jamn medlemsvekst. I valkampen gjorde likevel medlemstalet eit kraftig byks.

Ho gler seg over at Mållaget har medlemsvekst i heile landet, og at det er både unge og eldre som melder seg inn. Dette er det høgste medlemstalet som registrert i organisasjonen sidan Mållaget byrja med sentral medlemspengeinnkrevjing i 1986.

Saka held fram etter annonsen

Det høge medlemstalet er eit resultat av godt lagarbeid. Me har nær 200 lokale lag over heile landet, og det blir det godt vervearbeid av, smiler Synnøve Marie Sætre.

Noregs Mållag har i dag over 5000 fleire medlemer enn for ti år sidan.