Vestnesavisa
4 minutter lesetid

– Digitalsatsinga har løfta oss opp og fram

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ferske opplagstal frå LLA (Landslaget for Lokalaviser) og MBL (Mediebedriftenes Landsforening) viser at Vestnesavisa har vekst i opplaget første halvår i år.

I dei føregåande åra har opplaget vore jamt nedgåande. Men etter lanseringa av nettavis i mars 2020 har opplaget gått oppover. I andre halvår 2020 var det den største veksten på mange år for Vestnesavisa. Trenden held fram i første halvår i år.

Saka held fram etter annonsen

– Digitalsatsinga har løfta oss opp og fram. Det har gjort Vestnesavisa til ei meir dagsaktuell avis, seier redaktør Torstein Sønstabø.

På nett i krise

Vestnesavisa gjekk på nett 13. mars i fjor. Same dag som Norge stengte ned på grunn av coronapandemien. Nettavisa var ikkje ferdig, men akkurat då var det viktigare å vere tilgjengeleg for lesarane med hyppige oppdateringar av situasjonen, enn å ha alle funksjonar på plass. Ferdigstillinga av avisa gjekk parallelt med at redaksjonen følgde utviklinga i pandemien, både på riksnivå og lokalt.

– Sjølv om nettavisproduktet i utgangspunktet ikkje var ferdig, og betalingsløysing mangla, såg me det som viktigast å nå ut til lesarane våre med informasjon i ein elles uoversiktleg situasjon. Det ser eg at me hadde igjen for i etterkant, seier Sønstabø.

Torstein Sønstabø, redaktør i Vestnesavisa.

God vekst

I andre halvår 2020 hadde Vestnesavisa ein formidabel vekst på nesten ti prosent. I første halvår i år er veksten noko lågare. Opplaget har auka med 25, frå 1 592 til 1 617 abonnentar. Det er på den digitale platforma hovudvekta av veksten er. Antal abonnentar som har papiravisa (eller digital + papir) gjekk frå 1447 til 1403 sidan nyttår.

– Medieframtida er nok digital. Men det vil framleis gå mange år før ein kan seie at papiravisa er utgått på dato. Det ser ein på den låge nedgangen blant papirabonnentar. Men dei digitale platformene tar sakte men sikkert over i mediemangfaldet, seier Sønstabø.

Saka held fram etter annonsen

Dagleg leiar i Vestnesavisa, Robin Røkke, er også svært nøgd med veksten det siste halve året. Han meiner det speglar at Vestnesavisa treff lesarane med interessante saker som lesarane ønsker å lese.

Dagleg leiar i Vestnesavisa, Robin Røkke.

– Dette er ei gledeleg fortsetjing av den positive utviklinga me har hatt det siste året. Det stadfestar at lesarane våre er interessert i saker om og frå Vestnes i aukande grad. Eg er ekstra glad over å sjå at den digitale veksten er veldig fin. Tala viser at redaksjonen gjer ein god jobb som openbart treff lesarane godt, seier Røkke.