Vestnesavisa
6 minutter lesetid

Ei uventa gåve frå USA

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Tre generasjonar sette seg til bords julekvelden i Buktavegen på Vestnes. Mangeårig ambulanse- og drosjesjåfør Per Tomren (91), dottera Marit (60) og barnebarnet Per-Ingvar (42). Alle godt kjente i lokalmiljøet på Vestnes.

Marit som tidlegare dreiv Maritz Kafè, diska opp med nydeleg pinnekjøtt med tradisjonelt tilbehør. Til dessert serverte ho riskrem med raud saus, multekrem og sjokolade mouse.

Saka held fram etter annonsen

Praten gjekk livleg rundt bordet. Marit fortel at ho var fast inventar i både ambulanse og drosje heilt tilbake til før ho var fem år. Ho var telefonvakt heime før ho kunne skrive, der ho tok imot beskjed som ho formidla vidare med walkie talkie til sine foreldre, som begge køyrte ambulanse og drosje. Det er ikkje etter dagens reglar, seier ho, men det gjekk bra.

Tre generasjon Tomren feirar julekvelden saman. Per Tomren med dottera Marit og barnebarnet Per-Ingvar.

Åleine i ambulansen

– I mangel på barnevakt, vart eg ofte med i ambulansen der eg vart sittande att åleine då mor eller far måtte ut på oppdrag. I dag er ambulansekøyring ei heilt anna verd, fortel Marit, som sjølv har køyrt drosje og ambulanse i over 25 år, heilt til ryggen svikta.

Per lyttar til dottera som fortel om sine opplevingar, og medgir at det ofte var tøffe tak både for liten og stor. Han fortel at i tillegg til Marit, var både kona Anny og sonen Petter med i ambulansetenesta. Anny  døde i 2003 som 70-åring, og Petter døde i 2017, berre 63 år. 

Kjent filmskapar

Julekvelden med dei tre vekkjer mange minner, både på godt og vondt. Per-Ingvar som er rullestolbrukar har ei merittliste få skjønar han har klart å fått til. Han er kjent i lokalmiljøet mest som filmskapar. Han fortel han har produsert 17 filmar, regissert 9 og skrive 10. No sit han på ei hemmelegheit han ikkje får lov til å dele før første juledag. Han fortel det handlar om ei overrasking frå USA.

Per-Ingvar er lite snakkesalig denne kvelden. Han forklarar at forma ikkje er heilt bra, etter at han tok vaksine nummer to. Men hardhausen og filmskaparen klagar aldri.

Over 40 år som ambulansesjåfør

Per Tomren har drive med drosje- og ambulansekøyring i over 40 år. Heile familien har mange historier frå landevegen, der dei har henta sjuke pasientar både i heimane og etter ulykker som har enda med dødeleg utgang.

– Ikkje var det mykje peng å tene, og vanskeleg var det å møte forståing for å unngå å vare åleine i bilen, fortel Per, og forklarar at løysingar ofte måtte takast der og då.

– Eg huskar ei julenatt tilbake i tid, då hadde eg tre turar over Ørskogfjellet til Åse sjukehus, fortel Per, og legg til at den natta møtte han ikkje ein einaste bil på vegen.

– Ja, eg huskar godt slike turar, seier Marit, som satt att i bilen åleine medan andre forsøkte å berge liv.

Ho kikkar bort på sin far og forsikrar at ho trur ikkje ho har teke skade av det. Så tek ho av bordet og ber far og son om å flytte seg mot juletreet til pakkeopning.

Marit les på namnelappane, og ei og ei pakke blir opna. Gåvene kjem stort sett frå familien, men nokre kjem også frå venar. Per får både bøker, konfekt og sjokolade. Han lysnar opp då han får ei gåve frå andre sidan av fjorden, eit MFK-flagg med stong til bruk på balkongen.

Saka held fram etter annonsen

Stor overrasking frå USA

Så blir vi endeleg kjent med hemmelegheita som Per-Ingvar har bore på ei stund, men som no er offentleg kunngjort. Han fortel om juleslasher-filmen O`hellige jul, som på engelsk heiter Christmas Cruelty. Dette er ein film han laga saman med Magne Steinsvoll i 2010, som hadde premiere 13.desember 2013. Raymond Volle var kameramann og produsent.

Per-Ingvar i Los Angeles jula 2015, utkledd i westernkostymer på veg til premieren på Quentin Tarantinos, «The Hateful Eight». Rullestolen har han gjort om til sin hest.

– Vi har i desse åra hatt eit godt forhold til USA, der fleire har likt filmen vår. Vi har også tidlegare fått fleire prisar. Men det som nå har skjedd tar nok kaka, fortel Per-Ingvar.

– Eit av dei mest kjente kultfilmdistributørane i USA har tydeleg lagt sin elsk på filmen vår. Distributørselskapet over there tok kontakt med oss, for at dei ynskja å gje ut filmen vår til neste jul. Kontrakten som allereie er skrive, går ut på at dei vil gje ut filmen i USA både på DVD, Blu-Ray og Streaming, forklarar Per-Ingvar, stolt over at ein av filmane hans no vil bli kjent i grøssarmiljø over heile verden.

Både mor og morfar gjev tydeleg uttrykk for at dei er stolte av familiens filmskapar i rullestol.

– Alt positivt som skjer, er gåver vi alle sett pris på, seier Marit, klar for å diske fram med kaffe og julekaker.

Dermed får tre generasjonar Tomren fortsette å mimre tilbake i tid, der den eine historia etter kvarandre dukkar opp.