Eit nytt smittetilfelle – ukjend smitteveg
Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Torsdag morgon melder Vestnes kommune at ein person har fått påvist coronasmitte i Vestnes.
Vedkommande er sett i isolasjon og smittesporing er gjennomført. Fire nærkontaktar er sett i karantene og vil bli testa.
Saka held fram etter annonsen
Vestnes kommune opplyser at det er ukjend smitteveg, men det er sannsynleg at vedkommande har blitt smitta i ein anna kommune.
Kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli meiner at det forelpig ikkje er naudsynt med ekstraordinære tiltak.
Det er no to påviste tilfelle i Vestnes dei siste to dagane.