Enno ein person i innreisekarantene er smitta

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Vestnes kommune meldet at nok ein person som sat i innreisekarantene på Trohaugen har fått påvist Covid-19 smitte. Smitten vart oppdaga etter rutinemessig test under karanteneopphaldet.
Den tilreisande har i følgje Vestnes kommune vore i karantene sidan ankomst til Norge, og er no i isolasjon. Dei som kom i same reisefølgje og er i karantene vil bli testa på nytt.
Saka held fram etter annonsen
Den tilreisande har dokumentasjon på negativ test før avreise frå heimlandet, samt negativ test ved ankomst Noreg. Smittesporing er gjennomført.
Personen har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkninga.
Trohaugen er godkjent som karantenehotell for tilreisande som har fått innreisegodkjenning gjennom den søknadsbaserte ordninga som blir administrert av Sjøfartsdirektoratet opplyser Vestnes kommune i ei pressemelding.