Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Fire nye smittetilfelle det siste døgnet

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Det har blitt registrert fire nye tilfelle med Covid 19 det siste døgnet i Vestnes.

Vestnes kommune melder på sine nettsider at det har blitt registrert fire nye smittetilfelle det siste døgnet med Covid 19 i Vestnes.

Saka held fram etter annonsen

Etter det Vestnesavisa kjenner til skal det også vere smitte på Tomrefjord skule, Helland skule og ungdomsskulen i Tresfjord.

Kommunen minner om at dersom ein føler seg sjuk bør man halde seg heime. Halde avstand der det er mogleg, vere nøye med handhygiene og bruke handsprit når ein kan.

Dette er symptoma

Covid-19 har ofte følgjande symptom: feber, hoste, tungpusta, tap av smaks- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle.

Sjukdommen kan hos eit mindretal også gi andre symptom som kvalme/oppkast, magesmerter, utslett og mentale forandringar som forvirring og svimmelheit.

Vaksinerte får ofte ikkje dei klassiske symptoma, men lette forkjølelsesplager utan sår hals.