Fitnessfabrikken Vestnes med råd etter nye innstrammingar

Fitnessfabrikken Vestnes kjem med råd til medlemmane etter nye innstrammingar frå regjeringa.
I går kveld kom det nye innstrammingar frå regjeringa i kampen mot pandemien.
Fitnessfabrikken skriv på sine Facebook-sider at dei ikkje er påverka av tiltaka i stor grad denne gangen, men dei ber medlemmane sine fylgje forhandsreglar.
Avstanden inne på treningssenteret må vere minst ein meter, hender og apparat må etter bruk desinfiserast og ved høg treningsaktivitet må ein halde to meter avstand.
Samstundes ber Fitnessfabrikken medlemmane vurdera om dei kan kome på eit anna tidspunkt dersom det er vanskeleg å forhalda seg til dette.
Dei legg til at alle bør ha i tankane at dei kanskje må leggje treninga til eit anna klokkeslett enn vanleg for at det ikkje skal bli for stor pågang inne på senteret.
Om man er sjuk eller venter på testresultat bør man ikkje kome på trening.