To smittetilfelle ved Tomrefjord skule

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
To elevar ved Tomrefjord skule har fått påvist corona. Skulen ber elevar i same klasse som dei smitta om å halde seg heime frå skulen torsdag.
Elevane skal ikkje ha vore på skulen med symptom. Medelevar i dei aktuelle klassane vert oppfordra til å teste seg. Skulen ber foreldre om å vere obs på symptom på forkjølelse eller feber.
Saka held fram etter annonsen
– Dersom dette skulle oppstå bør barnet teste seg på nytt, skriv Tomrefjord skule i ei melding til foreldre i dei aktuelle klassane.
Vestnes kommune sendte seint onsdag kveld ut pressemelding der dei opplyser at det er to elevar som er smitta, og at skulen forheld seg til FHI sine prosedyrar ved smittesituasjonar.
– Me ser no at smittetrykket aukar i kommunen, og vil difor ha eit møte i kriseleiinga torsdag for å vurdere situasjonen og eventuelle tiltak, står det i pressemeldinga.