Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Fullsett adventskonsert på Vike

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

På grunn av koronareglane vart dei planlagte adventskonsertane i kyrkjene på Vestnes og Vågstranda avlyste i år. Mange tok difor vegen til Vike kyrkje søndag, der var det fullsett.

Korpsa i Vestnes har dei siste åra fordelt seg på ulike adventskonsertar, i år spelte Vestnes og Daugstad/Vike Skulekorps på Vike. Tenor Hallvard Djupvik og sopran Stephanie Lippert song klassiske og moderne julesongar, og Den Lille Messingfabrikken hadde eiga avdeling.

Saka held fram etter annonsen

Lucia prosesjon

I anledning Lucia-dagen, som er 13. desember, innleia elevar frå Vike Montessoriskule konserten med vakker prosesjon. Marit Ellen Lund Salthammar akkompagnerte på piano, og soknerådsleiar Emil Balstad konferansierte.

«Selma´s Sang»

Skulekorpset hadde to eigne avdelingar, med kjente og mindre kjente julesongar. «The Polar Express» av komponisten Alan Silvestri og «The name´s Claus … Santa Claus” fritt etter James Bond (Mark Williams) er godt innarbeidd korps-reportoar. Vakre «Selmas Sang» av Thomas Stenersen og Eva Weel Skram var med, og korpset akkompagnerte Hallvar Djupvik med «Nordnorsk Julesalme». Samarbeidet mellom skulekorpset og solistane fungerte flott.

Vestnes og Daugstad/Vike Skulekorps. (Foto: Asbjørn Gisnås)

Magnus Seime Legernes var solist i «All is Calm». Magnus bur på Vike og hausta stor applaus. Han er også ein del av Den Lille Messingfabrikken, sammen med fire andre messingblåsarar. Dei gjer det bra i konkurransar, og skal til UMM i Oslo på nyåret. Dei framførte mellom anna Mozarts «Ouverture til Figaros bryllup».

Saka held fram etter annonsen

«Det lyser i stille grender»

Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert framførte også eit smakfullt utval klassiske og moderne songar, både kvar for seg og sammen. «Mitt hjerte alltid vanker», «Det lyser i stille grender» og «Stille natt», og meir moderne «Have yourself a merry little Christmas» og «Blue Christmas». Hallvard Djupvik avslutta med «O Helga Natt».

Hallvar Djupvik og Stephanie Lippert. (Foto: Asbjørn Gisnås)

Stephanie og Hallvar viste seg fram det breie og solide reportoaret sitt på ein flott måte i denne eine adventskonserten Vestnes.