– Har du ein skapargnist i deg, så er Vestnes plassen

Josefine Rødal Tomren synast det er kjekt å vere i Vestnes. Ho føler at ho er med i ein koseleg, liten film.
Tomren byrja 18. januar i år hos Vestnes Næringsforum, men ifylgje ho kjennest det ut som ho har jobba der i fleire år.
Næringsforumet ynskjer utvikling i Vestnes.
Tomren hadde ikkje venta at det skulle gå så bra med det dei har fått til. Her nemnar ho arbeidet på Kataholmen, samarbeid med andre, festivalar og arbeid med grundera. I tillegg har dei fått med seg folk på arrangement.
– Alt har skjedd så innmari fort til tross for corona, seier Tomren.
Tatt godt imot
Tomren har budd i Oslo, Berkeley utanføre San Francisco og Ålesund. I tillegg har ho reist ein del, blant anna ein tur til Australia.
– Korleis var det å flytte tilbake til Vestnes?
– Det å kome tilbake hit har vore veldig positivt. Eg har fått vore med på så ekstremt mykje, seier Tomren. Ho føler at hjartet hennar for Vestnes er større enn tidlegare. – Eg har alltid trudd at eg skulle flytte tilbake, men ikkje så tidleg, legg ho til.
Tomren seier at sjølv om ho er ung og ikkje har så mykje erfaring så har ho blitt tatt mot ekstremt godt hos Vestnes Næringsforum. Ideane hennar har blitt høyrt og realisert. Hos Næringsforumet så gjer ein det sjølv viss ein skal gjera noko.
Kommunen har også jobba med tettstadene i mange år. Tomren vart tilsett via bevilgning som fylkeskommunen hadde gitt frå tettstadprogrammet.
Næringsforumet har vidareført det som kommunen har jobba med i fleire år.
– Me har gjort det veldig synleg, sidan eg har ein bakgrunn frå kommunikasjon, seier Tomren som studerte faget i Oslo og på det anerkjende universitetet Berkeley.
Ein vanleg dag på jobben
Tomren seier det er litt vanskeleg å forklare korleis ein vanleg dag på jobben ser ut. Det er veldig mykje prosjekt som går parallelt. Tettstad, medlemmar, grundermøte, for å nemne noko.
Samstundes blir det planlagt veka i forvegen kva som skal gjerast. Ho fortel at ein startar opp med å sjå kva det er som hastar mest.
Ein nyheit er presentasjon av vekas bedrift. Her finn dei ei bedrift som kan ha ein presentasjon.
Sosiale medium er også veldig viktig.
– Eg kallar sosiale medium for nokre av mine oppgåver for dagleg drift her på huset. Det er viktig at me er synlege på kva me gjer, sånn at me får med oss folk. Me ynskjer utvikling i Vestnes, forklarar Tomren.
I tillegg blir det diverse møte med blant anna investorar, bibliotek, frivilligheita, grundera og båtbyggarmuseet for å sjå om dei kan hjelpe med noko.
Fyrtårnet
Tomren ynskjer å trekkje fram arbeidet med fyrtårnet det siste året. Det har blitt eit symbol og ein attraksjon i Vestnes.
Fyrtårnet er blant anna å finne på puslespelet som Notabene sel til jul. Peparkakebyen på brygga hadde to fyrtårn og du kan også finne det overalt på Instagram. Tårnet blir dessutan snakka om andre stader.
– Det prosjektet er eg mest stolt over, det er bygd heilt på dugnad, forklarar Tomren.
Ho trur effekten er stor fordi det er så synleg. Det forklare historia med båtbygging, dugnad, samarbeid og samhald som er i Vestnes kommune.
Tilgang til det urbane
Tomren synest det beste med Vestnes er at ein kan skape ting sjølv. Viss ein kjedar seg, så er det dessutan ikkje lange vegen til Molde eller Ålesund.
– Du har lett tilgang til det urbane. Viss du vil lage ein festival, så er det berre å setje i gang, seier ho.
Tomren oppfordrar folk å kome til næringsforumet om nokon har ein gjennomførleg idé.
– Det er meir sjanse for at ting skjer her enn i større byar. Me har eit mangfald som er ganske utruleg med tanke på kultur og historie, seier Tomren.
Ho meiner også at behova blir dekt i Vestnes, men du må samstundes leggje inn ein innsats sjølv.
– Det er så koseleg å vere her. Eg føler eg er med i ein koseleg, liten film, seier Tomren med eit smil.
Skapargnist
Vestnes har eit variert kulturliv. Frå fotball til korps. Tomren seier ho kjeda seg meir når ho budde i Oslo.
– Når du går ut døra i Oslo, så er du ein som konsumerer. Du er den som blir underhaldt og må betale om du skal på bowling eller kafé, seier ho.
Tomren meiner du er som ein produsent i Vestnes. Du kan få til det du produserer.
– Har du ein skapargnist i deg så er Vestnes plassen for deg, meiner Tomren.