Vestnesavisa
2 minutter lesetid

– Ingen har blitt avvist på julegudstenestene

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Også denne jula vart det iverksett smitteverntiltak i kyrkjene i Vestnes. Eit av tiltaka var maks 50 personar på tilviste plassar, som medførte påmelding til gudstenester på julaftan i kyrkjene i Vestnes, Tresfjord og Vike.

I tillegg til julaftan, var det familiegudsteneste i Fiksdal kyrkje og Høgmesse i Vestnes kyrkje på 1.juledag. Høgmesse var det også i Tresfjord kyrkje og Vågstranda kyrkje andre juledag.

Saka held fram etter annonsen

– Det har vore mellom 25 og 50 besøkjande på dei ulike gudstenestene i jula, og ingen har blitt avvist av dei som ynskja å komme. Alle gudstenestene har vorte gjennomført på ein flott måte innanfor dei avgrensingane som smitteverntiltaka har satt, fortel kyrkjeverje i Vestnes, Olav Egil Tomren.

Sokneprest Ellen Schiøtt, brukar talarstolen ved høgtidsgudstenester.

Sokneprest Ellen Schiøtt preika om teksta i Lukas kalla juleevangeliet, også på andre juledag både i Tresfjord kyrkje og Vågstranda kyrkje. På Vågstranda hadde kantor Jostein Maude tatt med seg Peder Hjelvik på klarinett, der duoen skapte god musikalsk stemning.

Saka held fram etter annonsen
Peder Hjelvik krydrar gudstenesta med vakre tonar frå sin klarinett. Sokneprest Ellen Schiøtt er sitjande bak.

Den høgtidelege høgmessa andre juledag i Vågstranda kyrkje, vart avslutta med songen Deilig er jorden, der siste verset lyder slik: Englane song den fyrst for markens hyrdar; skjønt frå sjel til sjel det lød; Fred over jorda, menneskje fryd deg.Oss er ein evig Frelsar født.