Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Juletrall på Lauparen

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Dei har gjort det før, musikarane i Råket og omegn Belgdragarlag, som kvart år skapar god gamaldags julestemning for eldre på Stella Maris.

– Dette har blitt ein god juletradisjon for oss, fortel trekkspelkongen Roger Lid, som understrekar at løna er opplevinga dei får tilbake når dei opptrer.

Saka held fram etter annonsen

Måndag ettermiddag hadde musikarane to konsertar på Stella Maris, den første på Lauparen i tredje etasje før dei besøkte bebuarane i andre etasje.

Det vart fortalt at smittevernreglane var nøye fylgt, der bebuarane sit kohortvis i lokalet. På huset er det i overkant av 50 bebuarar.

Råket og omegn Belgdragarlag. Frå venstre, Roger Lid, Sigbjørn Brunstad, Jon Reidar Kurseth, Knut Olav Skrove og Roe Skavnes.

Dei glade menn i Belgdragarlaget starta intimkonserten med Julekveldsvisa av Alf Prøysen, som tydeleg fall i smak hos tilhøyrarane.

Med fleire gode og kjente julesongar, vart det også plass til både polka og vals. Bebuarane følgde taktfast med både med klapp og rytmiske bevegelsar. Blikka frå fleire som uttrykte både glede og takksemd, var ikkje til å misforstå. Blikk som berre blikk kan uttrykke.

Saka held fram etter annonsen

Gitaristen og solisten kjem frå Sykkylven, medan dei tre andre er kjente musikantar i nærmiljøet. Solisten hadde ei djup og kraftig songstemme som kom tydeleg fram, som vart forsterka av dei andre erfarne musikantane.

Aktivitørane Linda Grønning og Anne Kjersem, var med og hjalp bebuarane.

Konserten som varte om lag ein skuletime, skapte ei etterlengta og god julestemning med kjente songtekstar og lystelege trekkspeltonar. For mange dukka nok minner frå tidlegare tider opp.

– Det er alltid ei god stemning når denne gjengen vitjar oss, ei stemning som nærmast får taket til å lette, fortel ei av pleiarane, Wenche Fiksdal Vike.

Det blir heilt stille når Belgdragarlaget spelar Det lyser i stille grender. Bebuarane lyttar. Kva minner som dukkar opp er vanskeleg å tolke. Men no er det snart jul også på Stella Maris.