Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Givarglede og julestemning i Vestnes sentrum

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes har utvikla seg i positiv retning det siste året og arbeidet har blitt lagt merke til. No har Vestnes Sentrumsforening og Vestnes Næringsforum motteke støtte til julebelysning.

Sidan juni 2020 har Vestnes Næringsforum saman med Vestnes Sentrumsforening samla inn snart 2,8 millionar kroner til utvikling av Vestnes.

Saka held fram etter annonsen

Vestnes Næringsforum er eit lokalt næringsutviklingsselskap som gjennom ulike prosjekter arbeider for å styrke Vestnes som eit attraktivt bo- og arbeidsområde.

Saman med kommunen og andre instansar og organisasjonar arbeider dei for å fremje eit konkurransedyktig og allsidig næringsliv i Vestnes.

Julebelysning i sentrum

Vestnesavisa møter dagleg leiar Eva Langstein og prosjektleiar Josefine Rødal Tomren i Vestnes Næringsforum utanføre treet i sentrum som har fått flotte julelys på seg.

Det er Sparebanken Møre som bringe julestemning til sentrum. Vestnes Sentrumsforening og Vestnes Næringsforum har motteke 50 000 kroner som skal gå til julebelysning i sentrum.

Anette Steen fra Sparebanken Møre i Vestnes overrekkje næringsforumet tidlegare i dag sjekken på 50 000 kr.

Mykje lys og forhåpentlegvis mykje varme med dei nye julelysa.