Når born har fått sin fyrste telefon

– Mange born har fått sin første telefon til jul. Men før du gir barnet ditt tilgang på nettet, og dermed heile verda, er det tre ting du bør tenke gjennom, fortel direktør i Medietilsynet, Mari Vesland.
Mari Vesland fortel at barn treng ei trygg hand å halde i når dei skal på nett for fyrste gang.
– Sett deg inn i kva appar og aldersgrenser som gjelder, og ta stilling til kva du ønsker at ditt barn skal få lov til å bruke. Allereie frå tidleg alder et det lurt å førebu barnet over at det kan kome over ubehageleg eller skremmande innhald på nettet, og det at der viktig å seie frå til ein vaksen om dette skjer, seier ho i ei pressemelding.
Gjennom å bruke foreldrekontroll og innstillingar i dei ulike appane, kjem du eit stykke på veg. Men presset om å opne opp for tenester med høgare aldersgrenser kjem fort. Då bør du ha sett deg inn i dei ulike aldersgrensene og kvifor dei er satt, meiner Vesland.
To typar aldersgrenser
Det finst to typar aldersgrenser for sosiale medier; aldersgrense for innsamling av personopplysningar, og aldersgrenser for innhald.
– I 2018 kom det nye personvernreglar i Noreg. Det er ikkje lov å samle inn og bruke personopplysningar til barn under 13 år utan samtykke frå foreldra. Det er altså ikkje ulovleg for barn å være på sosiale medier før dei har fylt 13, men dersom dei skal ha ein eigen profil må dei ha tillating frå foreldra, fortel Vesland.
I tillegg til denne aldersgrensa har mange tenesteleverandørar eigne aldersanbefalingar ut frå kva målgrupper dei meiner tenestene eller innhaldet dei formidlar passar for. Men til sjuande og sist er det viktig at foreldre sjølv tar stilling til om det er noko du ynskjer at barnet ditt skal få tilgang til.
Tre råd om sosiale medier
– Vi i Medietilsynet har tre råd til deg som vurderer om barnet ditt skal få tilgang til sosiale medier som TikTok, Snapchat eller Instagram. For det fyrste bør du vurdere kor modent barnet ditt er. Trur du at ditt barn kan takle utfordringar som kan oppstå på nett. Kjenner du deg trygg på at barnet seier ifrå dersom det skulle skje noko ubehageleg, seier Mari Vesland.
Om du konkluderer med at barnet ditt skal få bruke sosiale medier, bør du opprette profilen saman med barnet. Gå gjennom sikkerheits- og personverninnstillingane, og diskuter kva innstillingar det er lurt å velje og kvifor. Vurder også om barnet i starten kun skal få privat bruker.
– For det andre bør du følgje godt med den fyrste tiden barnet ditt er på nett. Ta deg tid til å snakke om opplevingar og erfaringar, og still opne spørsmål. Om du er interessert og lyttande, blir det også enklare for barnet å komme til deg dersom det skjer noko som ikkje er greitt, seier ho.
Det tredje rådet til Medietilsynet er å diskutere med andre foreldre når det er greitt å opne opp for å opprette profiler i sosiale medier, og kva appar barna skal få tilgang til.
– Felles reglar gjer det lettare både for born og foreldre. Det er like viktig å passe på at ingen fell utanfor på nett som i det fysiske samværet. Snakk med barnet ditt om at det er viktig å inkludere også digitalt, og at ekle kommentarar og utestenging ikkje er ok, seier Vesland.
Gåva du ga bort til jul er garantert populær. Men du bør også gjere ditt for at den blir tryggast mogleg for barnet ditt, meiner Vesland.