Vestnesavisa
11 minutter lesetid

Slik er 17. mai-feiringa i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Hipp hurra for Norge som nasjon. Det er 207 år sidan grunnloven vart nedskriven på Eidsvoll. Det er også andre året på rad med ei annleis 17. mai-feiring. Sjå korleis dei ulike bygdene i Vestnes feirar dagen.

17. mai er ein dag ein som barn hugsar som den dagen der ein kunne ete mykje is, drikke mykje brus, vere med på leikar, og høyre korpsa spele. Mykje av dette er dessverre avlyst på grunn av coronapandemien.

Saka held fram etter annonsen

I Vestnes har det vore kreative komitear som har kome opp med alternative feiringar, slik som i fjor. Ein del er kopiert frå fjorårets program, men det er også litt nytt. Her presenterer me bygdene sine feiringar etter kvart som me får tak i bilete eller film frå feiringane.

Helland

På Helland er det mykje som føregår, trass store restriksjonar.
Båtkortesjen på Vestnes. (Film: Trine Risvik)

Øverås/Nerås

På Øverås og Nerås starta Tomrefjord skulekorps dagen med korpsmusikk for innbyggjarane. Etterpå var det traktortog for store og små.

Tomrefjord

I Tomrefjord kika sola fram då Tomrefjord skulekorps inviterte til korpsmusikk ved Tomrefjord Kristne Forsamlingshus. Eit godt knippe personar møtte opp for å høyre korpset spele nasjonalsongen, og eit par andre melodiar som høver til 17. mai. Etter seansen gjekk det eit lite tog, beståande av sjette klasse ved Tormefjord skule og Tomrefjord skulekorps til Idahall. Seinare på dagen var det bilkortesje frå Langneset, rundt Øverås og Nerås og tilbake til Vik.

Saka held fram etter annonsen
Bilkortesjen i Tomrefjord. (Film: Trine Risvik)

Vågstranda

Som så mange andre stadar vart bilat tatt i bruk for å danne tog på Vågstranda.

Lesarbilete

Fleire lesarar av Vestnesavisa har sendt inn bilete i løpet av dagen. Feiringane rundt i Vestnes har vore kreative, og i godt vêr. Send gjerne inn dine bilete.