Smitte ved institusjon i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Vestnes kommune melder at det er påvist smitte ved ein institusjon i Vestnes. Det er ikkje opplyst kva institusjon som er råka.
Alle pårørande og berørte er varsla om situasjonen i følgje pressemelding frå Vestnes kommune.
Saka held fram etter annonsen
Vidare er alle tilsette testa og det er sett i verk smitteverntiltak. Det vert opplyst at alle som har vore innom institusjonen i aktuelt tidsrom er kontakta og har blitt oppfordra til å teste seg. Det vert ikkje opplyst kva tidsrom som er aktuelt.