Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Smitte ved Tomrefjord skule

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Ein tilsett og to elevar har testa positivt for covid-19.

Vestnes kommune skriv på sine heimesider at det er påvisst smitte ved Tomrefjord sjule. Ein tilsett og to elevar har testa positivt for covid-19.

Saka held fram etter annonsen

Klassetrinna som er råka har i samråd med kommuneoverlegen bestemd at dei skal vere heime frå skulen.

Kommunen skriv vidare at det vil vere eit tilbod på skulen for dei barna som har føresette i samfunnskritiske stillingar. Dei involverte er varsla og dei har samstundes fått tilbod om PCR-test.

Ein vurdera kva man skal gjera med dei to siste skuledagane før juleferien.