Smittefritt etter påske – opphevar restriksjonar

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.
Det har ikkje blitt påvist fleire smittetilfelle i Vestnes etter utbrotet i påska. Dermed vert ein del restriksjonar og anbefalingar oppheva.
Frå torsdag går skulane tilbake til gult nivå, og ein opphevar anbefalinga om bruk av munnbind i butikkar, kjøpesenter og på kollektivtransport. Dette er i følgje Vestnes kommune i tråd med nasjonale retningslinjer for smittevern.
Saka held fram etter annonsen
Det vert framleis oppmoda til at folk held avstand, har god handhygiene og at ein testar seg ved mistanke om smitte. Ein skal også følgje nasjonale reglar for karantene og isolasjon. Dersom ein har symptom på sjukdom skal ein halde seg heime.