Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Smittemånad og anbefalingar om munnbind

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Sidan førre onsdag har Vestnes kommune fått stadfesta 21 nye tilfelle med Covid 19. Dei høge smittetala gjenspeilar situasjonen, som er også i resten av landet.

Til saman i november er vi komen oppi 186 tilfelle med korona i Vestnes. For å setje det på spissen utgjer dette 2,66 prosent av alle i Vestnes, om ein ikkje reknar med at nokre av desse er tilreisande eller berre har folkeregisteradresse i Vestnes.

Saka held fram etter annonsen
Saka held fram etter annonsen

Måndag var det tretten menneske innlagt på sjukehus i Møre og Romsdal med Covid19. Alle i respirator er uvaksinerte.

Anbefaler munnbind

Det er mykje smitte i heile Noreg. Tysdag gjekk regjeringa ut med nye kriterier og anbefalingar i ein pressekonferanse for å få ned tala på smitta.

Statsministeren Jonas Gahr Støre anbefaler mellom anna munnbind i kontakt med helsepersonell, i kollektivtransport og butikkar. Dette er ei anbefaling og ikkje eit påbod.