Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Smittetala til himmels

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Vestnes kommune melder at det har blitt registrert 54 nye tilfelle med Covid 19 siste døgnet i Vestnes. Kommunelege, Sabine Relling Bredeli, ber no folk ta smittevern på alvor.

Vestnes kommune melder at kriseleiinga følgjer situasjonen tett, men ser det ikkje som nødvendig å gjere lokale tiltak på noverande tidspunkt.

Saka held fram etter annonsen

Kommuneoverlegen Sabine Relling Bredeli seier dei har god oversikt over smittesituasjonen, men at alle som har symptom på luftvegsinfeksjon bør teste seg.

Elles minner dei om at det er viktig å halde seg heime når ein er sjuk, vaske hender, bruke handsprit når ein kan, og halde ein viss avstand om mogleg.

Dette er symptoma

Covid-19 har ofte følgjande symptom: feber, hoste, tungpusta, tap av smaks- eller luktesans, sår hals, eller sjukdomskjensle.

Sjukdommen kan hos eit mindretal også gi andre symptom som kvalme/oppkast, magesmerter, utslett og mentale forandringar som forvirring og svimmelheit.

Vaksinerte får ofte ikkje dei klassiske symptoma, men lette forkjølelsesplager utan sår hals.