Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Stenger verftet i påvente av prøvesvar

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

VARD Langsten er stengt frå og med tysdag og fram til alle prøveresultata etter massetestinga søndag er klare. Så langt har det kome seks positive resultat, men måndag kveld mangla det framleis ein del prøvesvar.

Med bakgrunn i dei positive prøvesvara valgte kommuneoverlege Sabine Relling Bredeli og VARD å stenge verftet til smittesporinga er gjennomført.

Saka held fram etter annonsen

Dei seks personane som har fått påvist smitte er sett i isolasjon på Trohaugen, og nærkontaktar vert sett i karantene.

Alle arbeidarane som har jobba på verftete dei siste ti dagane vert oppfordra til å halde seg i ro til situasjonen er under kontroll.

– Dei er ikkje sett i karantene, men vert oppfordra til å vere ekstra forsiktige, skriv Vestnes kommune i ei pressemelding.

Til saman har 24 personar fått påvist smitte i samband med utbrotet ved VARD Langsten. Det er med bakgrunn i ukjent smitteveg at kommuneoverlege Relling Bredeli og leiinga i VARD har avgjort å stenge verftet. Vegen vidare vil bli bestemt når alle prøvesvara føreligg.

Saka held fram etter annonsen