Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Tre nye smittetilfelle i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Tysdag føremiddag melder Vestnes kommune om tre nye smittetilfelle av Covid-19. Dei tre er nærkontaktar til dei to arbeidarane som vart meldt smitta på søndag.

Saka held fram etter annonsen

Pesonane har vore i karantene og er overført til isolasjon på Trohaugen. Smittekjelda er ukjent. Som ein konsekvens av smittesituasjonen i Møre og Romsdal har VARD-lokasjonane innført vesentleg covid-testing av eit utval av arbeidarane inne på verfta.