Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Vestnes kommune åtvarar mot svindelforsøk

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Dersom du har søkt jobb hos Vestnes kommune ber kommunen deg vere merksam på falske SMS’ar som ber om kontaktinformasjon.

Svindlarar har misbrukt namnet til EasyCruit som er kommunen sitt rekrutteringssystem for å freiste å hente inn påloggingsinformasjon.

Saka held fram etter annonsen

– Me ber dykk vere ekstra merksom på om du mottar SMS eller e-post med lenker som framstår som om dei kjem frå EasyCruit og som ber om påloggingsinformasjon, skriv Vestnes kommune i ei pressemelding.

Joobsøkarar vert bedne om å ikkje følgje lenka som vert sendt ut i SMS, og absolutt ikkje oppgi bankinformasjon eller kontoinformasjon.

– Kommunen ber aldri om kontaktinformasjon eller kontoopplysningar i rekrutteringsfasen, korkje via SMS eller e-post, står det i pressemeldinga.