Eit vogntog har køyrt i grøfta på E136 i Innfjorden og velta. Det var berre sjåføren i vogntoget, og vedkommande framstår som uskada i følgje politiet.
Saken fortset etter annonsa
Det litauiskregistrerte vogntoget velta i 60-sonen i Innfjorden i retning Åndalsnes.
Vitne skal ha forklart til politiet at vogntoget ikkje køyrde spesielt fort. I følgje politiet har sjåføren truleg fått eit hjul utføre asfaltkanten og ikkje greidd å kome opp på vegen att.
Trafikken flyt greit forbi ulukkesstaden.